Påskeliljefamilien (Amaryllidaceae), tidlegare også kjend som amaryllisfamilien og narsissfamilien, er ei plantegruppe i aspargesordenen og omfattar rundt 1100 artar fordelt på 85 slekter. Den tidlegare laukfamilien (Alliaceae) blir no òg rekna hit. Plantane i familien er einfrøblada og er hovudsakleg laukplantar med grunnstilt bladrosett og store, vakre blomar. Mange prydplantar i slekter som Galanthus, Hippeastrum og Narcissus høyrer til denne familien.

Dei fleste plantane i påskeliljefamilien stammar frå sletteområde i varme land. Snøklokke, påskelilje og pinselilje er mykje brukte som hageplantar og finst også forvilla, mellom anna i Noreg.

Slekter i Noreg Fire slekter er registrerte i Noreg: Påskeliljeslekta (Narcissus) Snøklokkeslekta (Galanthus) Klosterklokkeslekta (Leucojum) Laukslekta (Allium)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Aspargesordenen