Gaupa (frå latin Lynx) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det vart introdusert på 1600-talet av Johannes Hevelius. Det er eit lyssvakt stjernebielte og dei mest lyssterke stjernene dannar ei sikksakk-linje.

Kjende objekt Den einaste namnsette stjerna i dette stjernebiletet er Alsciaukat (frå arabisk for torn), òg kjend som 31 Lyncis, eller κ Lyncis.

Det mest kjende djupromsobjektet i Gaupa er NGC 2419, òg kalla «Den intergalaktiske vandraren», ein kulehop som er den mest fjerntliggande av sitt slag, 300 000 lysår frå jorda. Det er truleg at NGC 2419 går i ein særs elliptisk bane kring Mjølkevegen. Han har storleiksklasse 10,3 og er ein hop av Shapley-klasse II. Denne klassen er ekstremt konsentrert i sentrum. NGC 2419 vart oppdaga som ein kulehop av Carl Lampland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lynx (constellation)» frå , den 12. juni 2016. oppgav desse kjeldene: Universe: The Definitive Visual Dictionary, Robert Dinwiddie et al., DK Adult Publishing, (2005), pg. 346.

Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4. Ferris, Timothy. Seeing in the Dark. 2002. s. 244

Bakgrunnsstoff

Fotografisk guide til Gaupa Star Tales – Gaupa Gaupa på Constellation Guide

Kategori:Stjernebilete Kategori:Nordlege stjernebilete