Bjørn Kristensen () var ein norsk boktrykkar, avismann og stortingsmann frå Kristiansand.

Kristensen vart fødd i Kristiansand, der far hans då var prest. Etter nokre år i skule hovudstaden, gjekk han i boktrykkarlære hos John Grieg i Bergen. I 1892 var han utlærd boktrykkar, tok same året over som redaktør av Moss Avis. Tre år seinare kjøpte han avisa og styrte ho til han døydde. Han var medlem av bystyret i Moss frå 1899, ordførar 1905-06 og varaordførar 1907-10. Åra kringom 1910 var han styremedlem i fleire presseorganisasjonar.

Kristensen representerte bykrinsen Moss og Drøbak på Stortinget, frå 1907 til 1912. Begge valperiodane var han med i gasje- pensjonskomiteen, sekretær i den fyrste perioden, nestformann i den andre. Bolken 1910-12 var han også medlem av Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Moss og Drøbak Kategori:Ordførarar i Moss Kategori:Venstreordførarar i Østfold Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Norske boktrykkarar