Cap Margerie er eit lågt, isdekt nes, med høge klipper i nord, som ligg halvvegs mellom Cap des Mousse og Lacroix Nunatak. Nord for neset ligg fleire skjer og holmar. Det vart kartlagd av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Mawson, 1911–14, som namngav neset for Emmanuel de Margerie, ein fransk geograf og geolog. Cap Margerie tente som hovudbasen til Den franske antarktisekspedisjonen under Liotard i 1950-51, og Barre i 1951-52, fram til ein brann øydela hovudbygningane i basen i 1952. Basen heitte Port Martin.
Kjelder
Kategori:Nes i Adélie Land