Den sørlege fisken (frå latin Piscis austrinus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Den einaste stjerna som er lysare enn 4. storleiksklasse er Fomalhaut, som har 1. storleiksklasse og er den 18. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen.

Den sørlege fisken var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Stjernaene i det moderne stjernebiletet Trana sanna ein gong «halen» til Den sørlege fisken.

Den sørlege fisken grensar til Steinbukken i nordvest, Mikroskopet i sørvest, Trana i sør, Bilethoggaren i aust, Vassmannen i nord.

Kjende objekt mini|venstre|200px|Stjernebiletet Den sørlege fisken slik det er for det nakne auga. Fomalhaut har tradisjonelt representert munnen til fisken. Ein trudde tidlegare at Fomalhaut b var den første eksoplaneten som var oppdaga via synleg lys, takka vere Hubbleteleskopet, men infraraude observasjonar har sidan vist at dette er ei sfærisk støvsky. TW Piscis Austrini ligg i nærleiken og kanskje knytt til Fomalhaut sidan dei ligg mindre enn eitt lysår frå kvarandre. Ho har storleiksklasse 6,5 og er ein BY Draconis-variabel.

Beta, Delta og Zeta utgjer Tien Kang («det himmelske tauet») i Kina.Richard Hinckley Allen: Star Names — Their Lore and Meaning: Piscis Australis, the Southern Fish Beta er ei kvit stjerne med tilsynelatande storleik 4,29 og spektralklasse A0, og ligg 130 lysår unna. Delta Piscis Austrini er ei dobbeltstjerne med komponentar med storleiksklasse 4,2 og 9,2.

S Piscis Austrini er ein langperiodisk Mira-variabel, ei raud kjempe som varierer i storleiksklasse 8,0 og 14,5 over ein periode på 271,7 dagar, og V Piscis Austrini er ein halvregulær variabel som varierer i storleiksklasse 8,0 og 9,0 over 148 dagar.

Lacaille 9352 er ein lyssvak raud dverg som ligg berre 10,74 lysår unna. Med storleiksklasse 7,34, er stjerna for lyssvak til at ein kan sjå ho med det nakne auga.

NGC 7172, NGC 7174 og NGC 7314 er tre galaksar med storleiksklassar på høvesvis 11,9, 12,5 og 10,9.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piscis Austrinus» frå , den 9. juli 2016. oppgav desse kjeldene: Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.

Bakgrunnsstoff

The Deep Photographic Guide to the Constellation: Den sørlege fisken Star Tales – Den sørlege fisken Den sørlege fisken på Constellation Guide

Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete Kategori:Stjernebilete oppførte av Ptolemaios