Abul Hasan Ali Ibn Husain Ibn Ali Al-Masu’di betre kjend som berre Al-Masudi (ca. 895-956/957/958) er ein kjend arabisk geograf, forfattar og historikar som er kjend for sine reiseforteljingar, historieverk og kartverk.
Han vart fødd og voks opp i Bagdad, og reiste storparten av livet sitt gjennom Asia og midtausten. Al-Masudi skreiv fleire titals bøker, mellom anna Moroj Al-Thahab som skulle vera eit historieverk over mennesket fram til hans eiga tid. Han døydde ein gong på slutten av 950-talet i Egypt.
Kjelder malaspina.org utfyllande lengre biografi. Engelsk Wikipedia sin artikkel om Al-Masudi - oppgjev 958 som dødsår. Oppgjev anna fullt namn. Al-Masudi's Map - nyteikna versjon av Al-Masudi sitt verdskart. Oppgjev 957 som dødsår. Civilizimi Islam - Oversikt over viktige personar innan den arabiske kulturen. Oppgjev 957 som dødsår. Oppgjev anna fullt namn.
Kategori:Arabiske historikarar Kategori:Arabiske geografar Kategori:Fødde i 890-åra Kategori:Døde i 950-åra