mini|Tittelbladet til Kristian den femtes norske lov

Kristian den femtes norske lov er eit sett med lover som kong Kristian V av Danmark-Noreg lét gjelda for Noreg. Lova erstatta for ein stor del kong Kristian den fjerdes norske lov. Ved forordning av 14. april 1687 vart lova sett i kraft frå Mikkelsdag, den 29. september 1687. I 1683 hadde Danmark fått si fyrste landslov, Kristian den femtes danske lov. Norske lov fekk ei utforming mykje i tråd med denne.

Lova var gjeldande i den norske delen av kongeriket Danmark-Noreg. Etter 1814 heldt dei aktuelle delane av lova fram å gjelde i Noreg, på Færøyane og Island.

I dag er det berre restar av lova som er gjeldande, dette gjeld lova om kontraktsfridom. Kjelder

Bakgrunnsstoff KONG CHRISTIAN DEN FEMTES NORSKE LOV 15DE APRIL 1687 - Universitetet i Oslo Heile Kong Christian den Femtis Norske Lov i nasjonalbiblioteket.no

Kategori:Norske lover Kategori:Norsk rettshistorie Kategori:Skipingar i 1687