Pendleton Strait er eit sund mellom Rabot og Lavoisier Islands i Biscoe Islands. Den franske antarktisekspedisjonen leia av Charcot gav sundet namnet Pendleton Bay i januar 1909. British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill, 1934–37, oppdaga at det i røynda var eit sund og ikkje ei bukt, og gav det namnet Pendleton Strait. Det vart namngjeve av Charcot etter kaptein Benjamin Pendleton, ein amerikansk selfangar frå Stonington, CT. Kaptein Pendleton var kommandør for ein liten flåte som inkluderte sluppen «Hero» under kaptein Nathaniel B. Palmer som utforska området i januar 1821.

Kjelder

Kategori:Sund i Biscoe Islands