Moraine Strait er eit sund i McMurdo isbrem som strekkjer seg frå nord til sør mellom Brown Peninsula, Mount Discovery og Minna Bluff i vest, og Black Island i aust. Overflata av sundet, særleg den nordlege delen mellom Brown Peninsula og Black Island, er merkverdig på grunn av breie morenar som dekkjer mykje av isen. Dette har gjeve opphav til namnet på sundet. Sundet vart oppdaga under Discovery-ekspedisjonen 1901-1904, leia av Robert Falcon Scott. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1999.

Kjelder

Kategori:Sund i Antarktis Kategori:Geografi i Ross Dependency Kategori:Ross Archipelago