Daniel og Miguel Falcon Græsdal () er to norske trekkspelarar frå Skodje i Møre og Romsdal. Tvillingane er kjende for å spele duett. I 2010 vann dei NM-gull i klassen for duettar i trekkspel (til og med 15 år), då dei oppnådde fleire poeng enn konkurrentane sine (105). Noregsmeisterskapet vart halde i Mo i Rana.NRK Møre og Romsdal (4. juli 2010): Tvillingar (14) vann NM-gull, henta 9. januar 2013 Året før vann dei NM-sølv i Orkdal (også til og med 15 år),Kulturkalender.no (19. september 2010): Norsk trekkspillparade på Akershus festning, henta 9. januar 2013 og i 2012 vann dei bronse i Namsos (frå og med 15 år). Saman med Ørskog Trekkspelorkesters gammeldansgruppe fekk dei bronse i 2011 i Skien.Trekkspillforbundet.no (3. juli 2011): Resultater fra NM i trekkspill 2011 , henta 8. januar 2013

Duoen byrja å spele då dei var sju år gamle og held på framleis. Kvart år deltek dei på Distriktsmeisterskap og Noregsmeisterskap i trekkspel. Distriktsmeisterskapa har dei vunne fleire gongar, både som solistar og duo. Brørne spelar også for Ørskog Trekkspillorkester som dei har gitt ut plate med. Deira store draum er å vidareutvikle seg til dei er på eit høgt nivå, der dei kan bruke trekkspelet aktivt, til dømes til å undervise, delta på konsertar eller til dei kan halde eigne konsertar.Drømmestripendet.no (2012): Miguel og Daniel Falcon Græsdal, henta 6. januar 2013

Kjelder

Bakgrunnsstoff Håvard Svendsrud m/ elever spiller Piccolo-polka av Harald Henschien

Kategori:Folk frå Skodje Kategori:Norske trekkspelarar