Arne Morten Granlien () er ein tidlegare norsk kombinertløpar fødd på Lillehammer, som vann bronsemedaljen i øvinga under noregsmeisterskapane 1978-80. Alle tre meisterskapane vart han slått av noregsmeisteren Tom Sandberg og sølvvinnaren Hallstein Bøgseth. Granlien er busett i Østre Gausdal og representerte Østre Gausdal Idrettslag.
Granlien kom på 10. plass i kombinert i VM på ski i 1978. Han deltok under vinter-OL for Noreg i 1980 i Lake Placid, men utan å fullføre kombinertrennet.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1977: Nr 12 i Holmenkollen 1978: Nr 10 i verdsmeisterskapen i Lahti, og nr 8 i Holmenkollen 1979: Nr 8 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1976: Nr 7 på Fåvang Ski-NM 1977: Nr 5 på Vang Ski-NM 1978: Bronsemedalje på Konnerud Ski-NM 1979: Bronsemedalje i Steinkjer Ski-NM 1980: Bronsemedalje i Asker
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Sports123.com - resultatliste Nordisk kombinasjon, VM på ski 1978
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Lillehammer