Hopi er eit uto-aztekisk språk som blir tala av hopiar i nordaustlege Arizona og nokre stader i Utah og New Mexico i USA.

Språket har rundt 5000 talarar som beherskar det på morsmålsnivå. Bruken har gått ned i løpet av 1900-talet. Rundt 75 % av hopifolk kan snakka hopi.

Hopi er del av pueblo-språkbunten saman med kiowa-tanospråk, keres, zuñi og navaho.

Annan bruk av hopi Hopiord har gjeve namn til filmane Koyaanisqatsi ('ubalansert liv'), Powaqqatsi ('parasitt-liv') og Naqoyqatsi ('krigsliv'), ein trilogi regissert av Godfrey Reggio og tonesett av Philip Glass.

Bakgrunnsstoff Hopi-talord

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hopi language» frå , den 31. januar 2013.

Kategori:Arizona kategori:Einskildspråk kategori:Språk i USA kategori:Uto-aztekiske språk