So er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel, gjeve ut 19. mai 1986 på Charisma Records. Etter å ha arbeidd på musikken til filmen Birdy (1984), vart produsenten Daniel Lanois invitert heim til Gabriel i 1985 for å arbeide på det neste soloprojektet hans. Dei første innspelingane for So bestod av Gabriel, Lanois og gitaristen David Rhodes, før dei trekte inn fleire perkusjonistar.
Sjølv om Gabriel fortsette å bruke Fairlight CMI-synthesizer på nyskapande vis, var songane frå desse innspelingane mindre eksperimentelle enn dei tidlegare albuma hans. Gabriel henta inspirasjon frå fleire musikalske hald, og blanda pop, soul og kunstrock med element av tradisjonell verdsmusikk, særskild afrikansk og brasiliansk musikk. Gabriel turnerte med So på This Way Up-turneen (1986–1987), med somme songar framført på konsertar til støtte menneskerettar og veldedige organisasjonar.
Det vert ofte trekt fram som hans beste og mest tilgjengelege album, og So vart raskt ein salssuksess og omgjorde Gabriel frå å vere ein kultartist til ei stjerne. Albumet vart hans bestseljande. Det har oppnådd 5x platinaplate i USA og 3x platinaplate i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «Sledgehammer», vart marknadsført med ein nyskapande, animert musikkvideo og vart særskild populær. Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100 og vann sidan ni prisar på MTV Video Music Awards. Fire andre singlar vart òg gjevne ut frå albumet, «Don't Give Up» (ein duett med Kate Bush), «Big Time», «In Your Eyes» og «Red Rain».
Albumet fekk positive meldingar frå dei fleste kritikarane, som roste låtskrivinga, melodiane og blandinga av sjangrar. Enkelte seinare meldingar har derimot kritisert den kommersielle stilen og den 80-talsprega produksjonen. So vart nominert til årets album i USA i 1987, men tapte for Paul Simon sitt Graceland. Det har ofte vore med på lister over dei beste albuma frå 1980-åra og vart rangert på 187. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. So vart ommastra i 2002, og dels spelt inn på ny av Gabriel i 2011 for orkesterprosjektet New Blood og gjeve ut i ein plateboks i 2012.
Innspeling upright=1.1364|mini|Songane på albumet vart skrivne og spelte inn i heimen til Gabriel, Ashcombe House i 1985. Sidan 1978 hadde Gabriel skrive musikk i heimen sin i Ashcombe House, inkludert albumet Security (1982) og filmmusikken til Birdy. (1985). Han hadde eit rimeleg studio i låven ved huset som bestod av to rom, eitt der Gabriel kunne syngje og skrive tekstar, og eit anna der musikken vart sett saman. I førebuinga for So vurderte Gabriel Bill Laswell og Nile Rodgers som potensielle produsentar. Han bad til slutt samarbeidspartnaren på Birdy, Daniel Lanois, om å flytte inn til han i Ashcombe og arbeide med han vidare.
Øvingane byrja i mai 1985 og bestod av Gabriel, Lanois og gitaristen David Rhodes. Gabriel hadde byrja å arbeide på somme songar og gav Lanois og Rhodes akkordstrukturar, som dei byrja å improvisere kring. Lanois hugsa at dei hadde «eit fint utgangspunkt, fordi det i ein slik setting ikkje er lurt å ha masse folk kring seg, fordi ein vert nervøs for at ein sløser bort tida deira». Det var derfor ein avslappa atmosfære kring desse innspelingane og trioen kalla seg sjølv på spøk «Three Stooges», etter ei amerikansk revygruppe på midten av 1920-talet. Etter kvart kom fleire til der lydteknikar og miksaren Kevin Killen, bassisten Tony Levin og trommeslagaren Jerry Marotta vart viktige bidragsytarar, med hjelp av perkusjonistane Manu Katché og Stewart Copeland og fiolinisten L. Shankar.
Det enkle studioet bestod mellom anna av to analoge 24-sporsmaskinar. Alle songane på So vart spelte inn på liknande måte. Gabriel laga ein demo med piano som han spelte for bandet. Under øvingane lytta bandet til opptaket i hovudtelefonar, medan dei spelte inn musikk.
Anna utstyr var mellom anna ein Fairlight CMI-synthesizer. I eit intervju for Billboard sa Gabriel at «dei kreative avgjerslene har blitt viktigare enn teknikken. Du har ei lang rekkje reiskap og ein må ta fleire avgjersler». Sjølv om han alltid var inspirert til å skape ny musikk, sleit han ofte med å skrive tekstar, og utsette det ofte. Han hadde ein tendens til å vere misnøgd med tekstane og Killen måtte isolere visse vokalopptak som masteroptak, for å halde andre spor tilgjengeleg slik at ny tekst kunne redigerast inn. Lanois gjekk til drastiske tiltak for å oppfordre han til å skrive, som å ta telefonen han brukte så mykje og kaste denne i skogen i nærleiken, og ved eitt høve spikra han igjen studiodøra for å låse han inne.
Mot slutten av innspelinga vart Gabriel «besett» av sporlista og skapte ein kassett med byrjinga og slutten på alle songane for å høyre korleis lydane blanda seg saman. Han ønskte å ha «In Your Eyes» som det siste sporet, men den markante basslinja gjorde at han måtte plasserast tidlegare på vinylutgåva sidan det er meir rom for grammofonstiften å vibrere. CD-platene hadde ikkje denne restriksjonen og songen vart plassert på slutten av albumet. So vart fullført i februar 1986 og kosta 200 000 britiske pund å lage. Det vart overdubba i Power Station Studios i New York, trass i at Gabriel vurderte å sende han det via data-telefon. Han sa «det er mykje informasjon å sende via telefon. Det er utruleg, er det ikkje? Du kan sende ein songidé verda rundt til musikarar og så sende delar attande via satellitt». Albumet vart mastra av Ian Cooper i midten av februar 1986 i Townhouse Studios i London.
Komposisjon So har blitt kalla det mest kommersielle og minst eksperimentelle albumet til Gabriel, ei plate med popsongar blanda med kunstpop og progressiv pop. Som dei tidlegare albuma hans er grunnlaget kunstrock, sjølv om Gabriel på So er meir fokusert på melodi med element av soul og afrikansk musikk. «Med ein song som 'The Rhythm of the Heat' eller 'The Family and the Fishing Net' (frå det førre albumet), om eg skulle spele til den songen på gitar eller piano, så ville ikkje det fungere særleg godt ... medan meir ting på dette albumet fungerer som berre tekst, melodi og akkordar på ein meir tradisjonell måte.»WMMR interview, 16. juli 1986, as transcribed by Fred Tomsett in Gabriel fanzine White Shadow #2, circa 1989
Songane var særs inspirert av tradisjonell verdsmusikk, særskild afrikansk og brasiliansk musikk, der Gabriel nytta dei særeigne trommerytmane frå desse stilane. I eit intervju i 2011 for Uncut, sa Gabriel: «Eg hadde fått nok av instrumenteksperiment for ei stund og ønskte å skrive skikkelege popsongar, men på mine eigne vilkår.» Jon Pareles i The New York Times skreiv at Gabriel «legg ikkje berre til afrikanske trommer eller indisk fiolin på ordinære songar. Dei er ein del av fundamentet.» Chris Roberts i Classic Rock skreiv at albumet «tar Fairlight-synthen og legg til eit velsmakande dryss av verdsmusikk til kunstpopen.» Produksjonen til Daniel Lanois vart omtalt som teksturert, full av lydmessige detaljar og «ulasteleg varme som gjev kvar note rom til å puste, med flotte teksturar (i den føretrekte stilen på den tida) utan å bli sterilt».
Side ein Gabriel ønskte at albumet skulle «krasje inn i starten». Trass i at han mislikte «metalliske» perkusjonsinstrument, vart han overtalt av Lanois om å la The Police-trommeslagaren Stewart Copeland spele cymbalar og hi-hat på opningssporet «Red Rain». Gabriel syng i det øvre registeret sitt med ei hes stemme om ei destruktiv verd med samfunnsproblem som tortur og kidnapping. Konseptet kom frå ein draum der han såg for seg eit raudt hav som delte seg og menneskeliknande glasflasker fylde med blod. Det var òg meininga å halde fram soga om Mozo, ein karakter frå det første og andre albumet til Gabriel.
«Sledgehammer» var det siste sporet dei laga for albumet. Det meste av bandet til Gabriel hadde pakka ned utstyret og var på veg ut av studioet, men han bad dei kome saman og raskt gå gjennom ein song han hadde ein idé for. «Sledgehammer» var dels inspirert av musikken til Otis Redding og Gabriel fann fram til Wayne Jackson, som Gabriel hadde sett på turné med Redding i 1960-åra, for å spele inn blåsarane for sporet. Songen opnar med ei shakuhachifløyte og rytmen er dominert av massingblåseinstrument, særskild hornet til Jackson, med ein tekst med mange seksuelle eufemismar. Då So vart overdubba i Power Station Studio i New York, heldt den tyske elektronicaduoen Kraftwerk på å fullføre Electric Café (1986) og «Sledgehammer» vart spelt for dei. David Buckley, som skreiv ein biografi om Kraftwerk, skreiv «dei vart slått i bakken av kor fantastisk det høyrdest ut. Dei kjende at plata deira var lydmessig ynkeleg i samanlikning, sjølv om det var ein heilt annan sjanger». Trommene til Manu Katché vart spelt inn på eit forsøk, sidan han meinte at påfølgjande versjonar ikkje kunne bli like bra som den opphavlege tolkinga hans av musikken.
Den mest politiske ytringa på So var «Don't Give Up» og kom som følgje av at Gabrirel var misnøgd med den stigande arbeidsløysa under regjeringa til Margaret Thatcher og var inspirert av fotografiet til Dorothea Lange kalla «Migrant Mother». Sporet byrja med eit rytmemønster med langsame, låge tam-tam-trommer som Gabriel laga, og som Lanois meinte kunne vere midtpunktet i ein song. Tony Levin la til bass for å skape ein meir harmonisk lyd, og under den andre halvparten av sporet, sette han ei bleie bak basstrengane for å dempe lyden. Gabriel har sagt at songen, som følgjer ei soge om ein arbeidslaus mann og kjærasten hans, vart skriven som eit konversasjonsstykke. Han prøvde først å få Dolly Parton til å syngje kvinnestemma, men ho avslo. Venen hans, Kate Bush, gjekk i staden med på å syngje på songen. Bush fungerer som motparten i songen med ein trøystande vokal og linjer som «Rest your head/ you worry too much».
Den førte sida av albumet avsluttar med «That Voice Again», der Gabriel utforskar konseptet medvit og «røysta i hovudet vårt som anten hjelper oss eller sigrar over oss». Songen vart skriven i lag med David Rhodes, som spelar gitar over spora til Katché og Levin, etter at Gabriel hadde starta diskusjonar med Martin Scorsese om å lage musikk til The Last Temptation of Christ (1988). Gabriel laga sidan musikk til filmen og gav det ut på Passion (1989).
Side to «In Your Eyes» har blitt skildra som den beste kjærleikssongen til Gabriel. Han var inspirert av Sagrada Família og arkitekten Antoni Gaudí, og Gabriel syng over ein trommerytme om å berre kjenne seg heil i augo til kjærasten. Den mektige atmosfæren vert skapt av synginga til den senegalesiske musikaren Youssou N'Dour, som syng på morsmålet sitt.
Gabriel vart interessert i den amerikanske diktaren Anne Sexton etter å ha lese biografien hennar, To Bedlam and Part Way Back. Han dediserte det sjette sporet på So til henne, og kalla det «Mercy Street» etter «45 Mercy Street», eit dikt som kom ut i ei posthum samling. «Mercy Street» er sett til ein av fleire Forró-inspirerte perkusjonskomposisjonar som Gabriel spelte inn i Rio de Janeiro. Då desse komposisjonane vart henta fram i studio, vart dei ved eit uhell spelt av ti prosent meir langsamt enn originalinnspelinga og gav dei ein kornete kvalitet som Gabriel og Lanois meinte trekte fram cymbalen og gitaren. Gabriel song ein skuggevokal ein oktav under hovudvokalen på denne songen. Dette skulle gje ein sensuell, stemningsskapande effekt, som var vanskeleg å få til skikkeleg. Vokalen vart berre slik dei ønskte det då Gabriel nettopp hadde vakna om morgonen.
Dancesongen «Big Time» er inspirert av funk og er bygt på ein «perkussiv basslyd». Teksten er satirisk om jappekulturen i 1980-åra, materialisme og konsumerisme og kom som følgje av sjølvransakinga til Gabriel, då han tenkte på om han eigentleg ønskte å vere kjendis eller ikkje.