Spettsporv (Camarhynchus pallidus) er ein liten sporvefugl i gruppa nemnt som darwinfinkane i tanagarfamilien, Thraupidae. Spettsporvar lever spreidd på dei fleste av Galápagosøyane, frå havnivå opp til høgtliggande område. Dei er mest kjente for å bruke trepinnar som verktøy for å få tak i byttedyr frå holrom i trestammar.

Det engelske namnet på arten er 'Woodpecker finch'. Hakkespettfink har òg vore brukt på norsk.

Skildring Spettsporven er ein mellomstor tanagar med storleik som ein gråsporv, kroppssvekta er ca. 23-29 gram.The Darwin Initiative Husbandry Guidelines for the Woodpecker Finch (Camarhynchus pallidus) at Charles Darwin Foundation Sept 2009 Fjørdrakta er lite iaugefallande lys, gråoliven, og nebbfarga er rosa for ungfuglar, men endrast mot svart når dei blir vaksne fuglar.

Spettsporven er endemisk for Galápagosøyane og er utbreidd på øyar med vegetasjon. Han er mest vanleg i den fuktige sona med eviggrøn skog mellom 300 og 700 moh., i tillegg finn ein spettsporv i mindre mengd under dette nivået der biotopet er tørrare med kaktusar og buskar.

Dietten består av virvellause dyr slik som larver, plukka frå tre og buskar.

Mange spettesporvar dannar monogame og livslange par, men det er òg observert hekking med meir enn ein partnar. Dei vernar eit territorium i hekketida og byggjer eit lite overbygd reir med sideinngang. Kullet er vanlegvis på 3 egg. Klekkinga skjer etter ca. 12 dagar og ungane kan forlate reiret etter 2 veker.

Darwinfink Nebbet til spettsporven er spesialisert for habitat og kosthald, jamført med andre darwinfinkar er nebbet relativt langt og spisst for å trekkje ut byttet frå holrom.ARKive Species factsheet: Woodpecker finch (Camarhynchus pallidus) . Henta frå www.arkive.org den 3. februar 2013.

Denne fuglearten har blitt kjent som brukar av verktøy, det vil seie små, tilpassa trepinnar eller kaktuspiggar. Spettsporvar kan lirke ut byttedyra frå hòlrom i tre med hjelp av en slik pinne. Det same verktøyet kan brukast mange gonger på mange ulike tre. Forskarar har observert at sporvane kan forkorte pinnen eller piggen for å gjere han meir handterleg. Sporvane kan òg prøve ut ulike pinnar eller piggar på ein stad før dei finn akkurat den rette som kan få ut byttedyret.

I den tørre årstida kan spettsporvar bruke verktøyet i under halvparten av tida dei brukar til å få tak i opp til 50 % av byttedyra. I den våte årstida er byttedyra lettare tilgjengelege, og spettsporven vil då oftast bruke det spesialiserte nebbet til å få tak i byttedyra.

Sittellaer, Daphoenositta er andre fuglar som har liknande evne bruk av verktøy.Louis Lefebvre, Nektaria Nicolakakis and Denis Boire, Tools and Brains In Birds, Behaviour 139, 939-973

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Woodpecker Finch» frå , den 8. februar 2013.

Referansar

Bakgrunnsstoff

BirdLife International (2013) Species factsheet: Camarhynchus pallidus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. februar 2013.

Kategori:Tanagarfamilien Kategori:Darwinfinkar Kategori:Fuglar endemiske for Galápagosøyane