Bharati Mukherjee () er ein indisk-amerikansk forfattar og professor i engelsk. I verka sine tek ho særleg for seg spørsmåla indiske kvinner møter når dei flytter til Vesten.
Mukherjee blei fødd i Calcutta i den indiske delstaten Vest-Bengal. Familien var velståande, og ho fortsette si indiske universitetsutdanning i USA og Canada. Der trefte ho den kanadiske forfattaren Clark Blaise som ho gifta seg med i 1963. Dei har to ungar, og har skrive to bøker saman.
Det mest kjende verket til Bharati Mukherjee er romanen Jasmine frå 1989, der ei ung kvinne frå India går gjennom mange omstillingar før ho slår seg ned som mor i ein amerikansk lappeteppefamilie.
Forfattaren er i dag tilsett ved Berkeley-universitetet i California.
Verkliste
1972: The Tiger's Daughter 1975: Wife 1977: Days and Nights in Calcutta (reiseskildring, med Clark Blaise) 1985: Darkness (noveller) 1987: The Sorrow and the Terror: The Haunting Legacy of the Air India Tragedy (med Clark Blaise) 1988: The Middleman and Other Stories (noveller) 1989: Jasmine 1993: The Holder of the World 1997: Leave It to Me 2002: Desirable Daughters 2004: The Tree Bride: A Novel
Mukherjee, Bharati Mukherjee, Bharati Mukherjee, Bharati Mukherjee, Bharati