mini|Roland TR-808 Rhythm Composer, produsert 1980–1984 Roland TR-808 Rhythm Composer (òg berre kjend som «808») var ein av dei første programmerbare trommemaskinane («TR» er ei forkorting for Transistor Rhythm). Han vart lansert av Roland Corporation tidleg i 1980 og vart opphavleg laga som ein reiskap for studiomusikarar som skulle lage demoar. Som tidlegare trommemaskinar frå Roland, høyrest han ikkje ut som verkelege trommer. TR-808 kom ut berre få månader etter Linn LM-1, som var den første trommemaskinen som nytta digitale samplingar. Profesjonelle musikarar rekna lyden frå TR-808 som langt dårlegare enn sampla trommemaskinar, men prisen på ein TR-808 var om lag fem gonger billigare enn ein LM-1, kring US$1 195 då han først kom ut.

Trommemaskinar har vorte ein viktig del av lyden i hip hop, sidan det har vore ein billig og enkel måte å produsere trommelydar på. Roland TR-808 vart mykje nytta fordi han hadde høve til å produsere ei basstromme med særs lågfrekvent lyd.; as cited in Han hadde òg fleire unike, kunstige perkusjonslydar som var karakteristiske for TR-808. Roland TR-808 vart etter kvart nytta på fleire hitplater enn nokon annan trommemaskin, og har derfor fått ein ikonisk status i musikkindustrien. Etterfølgjaren til maskinen var Roland TR-909.

Kjende brukarar Kjende brukarar av trommemaskinen er mellom andre:

2 Live CrewHess, 2007, s. xxvi. 808 State A Guy Called Gerald Aphex Twin Arthur Baker Bassnectar Beastie Boys Big Chocolate Bushflange Bomb The Bass BT Charanjit Singh Cocteau Twins Cybotron David Byrne Derrick MaySystem 7 interview with Mark Roland in: Muzik, Issue No.4, September 1995, p.97 DJ Jazzy Jeff DJ Jazzy Jeff & The Fresh Prince DJ Toomp DMX Krew Double Duce Download Dr. Dre Drumma Boy Duran Duran Eat Static Egyptian Lover Faithless Force MDs Freddy Fresh Fresh Prince I-f Ice Cube J. Cole Jean Michel Jarre Jimi Tenor Jimmy Edgar Jimmy Jam & Terry Lewis Josh Wink Kanye West Kelis Ke$ha Kimbra KLC Kraftwerk Kombi Lex Luger LL Cool J Luke Vibert Madonna Mannie Fresh Mark Moffatt Marvin Gaye Michael Jackson Nick Rhodes N.W.A Orbital Outkast Prince The Prodigy Puff Daddy Richie Hawtin Sense Datum Shawty Redd Sir Mix-a-Lot The Sisters of Mercy Skinny Puppy Snoop Dogg Talking Heads The Time Three 6 Mafia Too $hort Überzone Ultramagnetic MC's Vanilla Ice Warren G Yellow Magic Orchestra

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roland TR-808» frå , den 11. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff TR-808-manual

Kategori:Trommemaskinar TR-808 Kategori:Skipingar i 1980