mini|Framsida av Vitellonis Thuringopoloni opticae libri decem (Ti bøker med optikk av Witelo frå polannek i Thüringen) Vitelo (òg kalla Erazmus Ciolek Witelo, Witelon, Vitellio, Vitello, Vitello Thuringopolonis, Vitulon og Erazm Ciołek) var ein polsk fysikar og naturfilosof. Han studerte først i Paris og seinare i Padova.
Vitelo er mest kjend for den omfattande innføringa si i optikk, Perspectiva, som han gjorde ferdig heilt på slutten av livet sitt. Boka vart seinare trykt i fleire opplag (1535, 1551, 1572). Han bygde på verk som var kjende i oltida, av Evklid, Ptolemaios, Heron og fleire, og dessutan Ibn al-Haitham og andre optikarar frå mellomalderen. Ved einskilde universitet kunne studentane velje mellom Vitelo, Evklid og Ibn al-Haitham ved prøva til grada baccalaureus. Boka var i bruk til ut på 1600-talet, då ho vart forelda gjennom arbeidet til Kepler.
Eit ringfjell på Månen er kalla opp etter Vitelo.
Kjelder
Kategori:Folk frå Schlesien Kategori:Filosofar på 1200-talet Kategori:Vitskapsfolk på 1200-talet Kategori:Matematikarar på 1200-talet Kategori:Fysikarar på 1200-talet Kategori:Polske teologar Kategori:Polske filosofar Kategori:Polske fysikarar Kategori:Polske matematikarar Kategori:Naturfilosofar