Hendrik Anthony «Hans» Kramers () var ein nederlandsk fysikar. Den 25. oktober 1920 gifta han seg med Anna Petersen som han fekk tre døtrer og ein son saman med.

Kramers fullførte den vidaregåande opplæringa si i Rotterdam i 1912, og studerte deretter matematikk og fysikk ved universitetet i Leiden, der han fekk ein mastergrad i 1916. Kramers ynskte å innhente røynsler frå utlandet i løpet av doktorgradsarbeidet sitt, men det første valet hans av rettleier, Max Born i Göttingen, var ikkje tilgjengeleg på grunn av første verdskrigen. Difor reiste han til København med skip og Kramers gjorde mesteparten av doktorgradsarbeidet sitt der, men han fekk den formelle doktorgraden sin i Leiden, den 8. mai 1919.

Kramers var tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i København fram til han forlét Danmark i 1926 og returnerte til Nederland. Han byrja som professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Utrecht, der han blant anna var professor for Tjalling Koopmans. Frå 1931 og fram til han døydde heldt han ei stilling ved Delft University of Technology. Kramers var ein av grunnleggjarane av Mathematisch Centrum i Amsterdam. Han vart tildelt Lorentzmedaljen i 1947.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hendrik A. Kramers» frå , den 22. februar 2013. oppgav desse kjeldene: J.M. Romein, Hendrik Anthony Kramers, i: Jaarboek van de Maatschappij der Nederlandse Letterkunde te Leiden, 1951–1953, s. 83–91.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Folk frå Rotterdam Kategori:Fysikarar på 1900-talet