Nasjonalarkivet i Oslo, før 1. januar 2026 Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo, er ein depotinstitusjon som høyrer til Nasjonalarkivet og har ansvaret for arkiva frå den statlege sentraladministrasjonen, altså departementa og direktorata og tilsvarande organ, og dessutan arkiva etter Høgsterett. Viktige arkiv etter privatpersonar, og etter private verksemder og organisasjonar, tek arkivet seg òg av. Nasjonalarkivet i Oslo tek seg òg av arkivmaterialet frå den lokale og regionale statlege forvaltninga i fylka Oslo, Østfold og Akershus. Nasjonalarkivet i Oslo har dessutan som oppgåve å føre tilsyn med arkivtilhøva i den offentlege forvaltinga, inklusive den kommunale sektoren, og er såleis både eit forvaltningsorgan og ein vitskapleg kulturverninstitusjon.
Nasjonalarkivet i Oslo har lokale i ein bygning i nærleiken av Sognsvann stasjon på Sognsvannsbanen i Oslo, der det òg er underjordiske magasin.
Arkivinnhald og tilgang Alle kan vende seg til Nasjonalarkivet i Oslo for å få svar på spørsmål eller få løyst problem som arkivmaterialet kan bidra til, anten ved å møte opp personleg, eller ved å sende brev, telefaks, e-post, eller ved å take ein telefon. Nasjonalarkivet i Oslo stiller arkivmaterialet til rådvelde for gjennomlesing på lesesalen i bygningen, og har dessutan sal av bøker i ein eigen bokhandel og over internett.
I Nasjonalarkivet i Oslo finst dokument frå slutten av 1500-talet, men mesteparten av arkivmaterialet er frå kring 1750 og framover. Til saman er det meir enn 19 200 hyllemeter med arkivsaker i dei magasina som Nasjonalarkivet i Oslo rår over. Av dette er 125 hyllemeter kommunale arkiv og 600 hyllemeter arkiv som private har laga seg.
Nasjonalarkivet i Oslo yter tenester til ålmenta ved å stille arkivmateriale til rådvelde for gjennomlesing på institusjonens lesesal, og kan gje opplysningar om tilgjengeleg arkivmateriale og hjelpe til rette i ein viss mon. Folk som treng arkivmateriale for dokumentasjon av sine juridiske rettar eller av andre årsaker, vil såleis kunne få hjelp ved å vende seg til arkivet. Mykje av arkivmaterialet er dessutan lagt ope ut på Internett, som til dømes kyrkjebøker, borgarlege lysings- og vigselsbøker, dødsfallsprotokollar, tinglysingsmateriale fram til 1950, og tingbøker.Sjå Digitalarkivet
Historie
Riksarkivet vart skipa i 1817 og var ein del av Arkivverket.
Statsarkivet i Oslo vart skipa i 1914 med namnet Stiftsarkiverne i Kristiania, og hadde då ansvaret for å take vare på materialet frå dei lokale embetsarkiva i Hamar, Kristiania og Kristiansand stift. Etter at Statsarkivet i Hamar vart skipa i 1917, tok det over embetsarkiva frå Hedmark og Oppland, og materialet frå Kristiansand stift vart ført over til Statsarkivet i Kristiansand då det stod ferdig i 1934. I 1992 vart Statsarkivet i Kongsberg formelt oppretta, og arkivmaterialet frå Buskerud, Telemark og Vestfold vart overført dit i 1994.
Namnet «Stiftsarkiverne i Kristiania» vart endra til «Statsarkivet i Kristiania» i 1919 og til «Statsarkivet i Oslo» i 1924. 1. januar 2026 vart det slått saman med gamle Riksarkivet, og namnet vart endra til Nasjonalarkivet i Oslo i samband med den nye arkivlova.
Fotnote
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nasjonalarkivet Kategori:Arkiv i Noreg Kategori:Skipingar i 1817 Kategori:1817 i Noreg Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Skipingar i 1914 Kategori:Styresmakter i Oslo