Eisenhower Range er ei fjellkjede, kring 72 km lang med ei høgd opp mot 3070 moh. Ho ligg mellom Reeves Névé i vest, Reevesbreen i sør og Priestleybreen i nord og aust i Victoria Land i Antarktis. Fjellkjeda har ein flat topp og heller slakt ned mot Reeves Névé, men er bratt langs Priestleybreen.

Fjell i denne fjellkjeda er mellom andre Mount Baxter (2430 moh) og Mount Nansen (2740 moh).

Fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av US Navy, 1955-63. Ho vart namngjeve av US-ACAN etter Dwight D. Eisenhower, som var president i USA i 1954, på den tida då U.S. Navy sin Operasjon Deep Freeze vart starta i Antarktis.

Kjelder

Kategori:Fjellkjeder i Victoria Land Kategori:Scott Coast