Olav L. Hannisdal () var ein norsk forfattar, og tidlegare redaktør, lærar, rektor og lokalpolitikar (KrF). Han var ein av skiparane av avisa Strilen og mangeårig redaktør. I 2005 fekk han Kongens fortenestemedalje i sylv for innsatsen sin.
Attåt arbeidet som lærar og rektor i Lindås var Hannisdal redaktør for Strilen frå 1961 til 1977. Han sat i kommunestyret og på fylkestinget for Kristeleg Folkeparti, og var aktiv i Lindås og Nordhordland indremisjon, Motorførernes Avholdsforbund, Lindås fråhaldslag og Lindås mållag. Hannisdal skreiv òg tre romanar og nokre sakprosabøker. Han debuterte som skjønnlitterære forfattar med Sand i eit timeglas i 1978.
Bøker 1978 – Sand i eit timeglas – Roman 1980 – Medaljen – Roman 1987 – Honning or berg – Roman
Prisar og utmerkingar 1978 – Kulturprisen til Lindås kommune 2005 – Kongens fortenestemedalje i sylv
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Lindås Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Kongens fortenestemedalje Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske rektorar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1978 Kategori:Nynorskforfattarar