mini|Gravminnet til Arnardo på Vestre Moland kyrkjegard i Lillesand Arne Otto Lorang Andersen, best kjend med kunstnarnamnet Arnardo eller Arne Arnardo, () var ein norsk artist og sirkusdirektør for sitt eige sirkus, Cirkus Arnardo.

Arnardo byrja som trapesartist og anna, men vart landskjend då han i 1949 starta Noreg sitt første omreisande sirkus, Cirkus Arnardo. Der var han sirkusdirektør, tryllekunstnar, hypnotisør med meir. Arnardo vart heidra med mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull. Cirkus Arnardo reiser framleis Noreg rundt i sommarhalvåret leia av etterkomarane.

Arnardo utga sjølvbiografien Sirkusliv i 1962. I 1954 spela han sirkusdirektør i den norske spelefilmen Cirkus Fandango.

I 1983 var han tildelt Teskjekjerringprisen.

Bakgrunnsstoff Cirkus Arnardo sine heimesider Søkbar digitalkopi av Finn Jor og Jørn-Kr. Jørgensen: I livets manesje – et møte med Arnardo og hans cirkus – i går, i dag og i morgen (utgitt av Grøndahl Dreyer 1998)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arnardo» frå , den 28. februar 2013.

Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Sirkus Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Vinnarar av Teskjekjerringprisen