Wisconsin Range er ei stor fjellkjede i Horlick Mountains i Antarktis. Ho består av Wisconsin Plateau og fleire isbrear, ryggar og toppar som grensar til Reedybreen, Shimizu-straumen, Horlick-straumen og Polarplatået.
Fjellkjeda vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-64. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter University of Wisconsin–Madison i Madison i Wisconsin, som har sendt mange forskarar til Antarktis.
Wisconsin Plateau dekkjer det meste av fjellkjeda med ei stor iskappe på over 2800 moh i aust og søraust. Platået heller slakt nedover og med berre få isskrentar i det indre av platået. I nord og vest er platået bratte med skrenter og fjellveggar på over 1000 meter. Platået vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Det vart namngjeve av US-ACAN i samband med Wisconsin Range.
Fjell Fjell Høgd (moh)Faure Peak3940Mount Minshew3895Mount LeSchack2265Koopman Peak2200Mount Soyat2150Sheets Peak1800
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wisconsin Range» frå , den 1. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fjellkjeder i Marie Byrd Land