Riskhospitalet er ein teikneserie av teikneserieforfattaren Frode Øverli, skaparen av m.a. Pondus. Riskhospitalet såg dagens ljos i 1997 og er ein humoristisk men til dels makaber parodi på eit vanstyrt sjukehus.

Personar Dr. Kalinka - Stort sett dritings og er særs raus med å skriva ut reseptar til seg sjølv. Dr Harlem Lester Snill og god lege. Han er ikkje av dei smartaste sidan han trur blindtarmen er ein augnesjukdom. Dr. Deo von Dinky - Sjølvoppteken og er seriøst oppteken av sjukesyster Bjørklund. Søster Bjørklund - Sjukepleiar med bein i nasen. Ho er den einaste på huset som kan kallast noko nær «normal». Søster Bimbo - Sjukepleiar med seriøs interesse for Dr. Dinky. Ho tek aldri ein spøk for ein spøk. Professor Fyse - Galen professor som lagar Kjell Mangle. Kjell Mangle - Person skapt av Professor Fyse. Kjell Mangle manglar det meste. Jordmor Rigmor Kake - Jordmor, som har vanskar med å fanga ungane. Direktør Raptus - Direktør, kontrollerer at alt går bra.

Bøker Riskhospitalet (2004) ISBN 82-509-5141-7 - komplett samling

Sjå òg Rikshospitalet — eit verkeleg sjukehus Riget — Rigshospitalet i København

Kategori:Norske teikneseriar