Mount Wrather er eit bert fjell (2095 moh) som ligg 4,5 km sør-søraust for Mount Walcott langs austsida av Thiel Mountains. Namnet vart foreslått av Peter Bermel og Arthur Ford, som i lag leia ei gruppe frå United States Geological Survey (USGS) som kartla Thiel Mountains i 1960-61. Fjellet er kalla opp etter William E. Wrather, den sjette direktøren i U.S. Geological Survey 1943-56.
Kjelder
Kategori:Fjell i Ellsworth Land