mini|Strand og fjell i Calanque d'En-Vau i Provence. Provence er eit historisk og kulturelt landskap sør i Frankrike. Det er også namnet på ein tidlegare provins som no er del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.

Provance omfattar middelhavskysten mellom munningen av Rhône og byen Nice og fjellområda innanfor. Den største byen er Marseille.

Fram til 1900-talet var provençalsk, ein dialekt av oksitansk, svært utbreidd i provinsen. Eit stort utdanningsprogram gjorde fransk til hovudspråket til dei fleste innbyggjarane. I dag finst det opplæring og studiar i provençalsk i regionen, men dei fleste er franskspråklege.

Kjelder

Provence (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 28. juli 2013.

Delar av denne artikkelen bygger på «Provence» frå , den 28. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provence-Alpes-Côte d'Azur Kategori:Tidlegare provinsar i Frankrike