Georg er eit mannsnamn, mellom anna brukt i Noreg, som er avleia av det greske Geôrgios (Γεώργιος) gjennom latin Georgius. Namnet tyder 'landarbeidar'. Det har kvinneformene Georgina og Georgine.

Namnet Georg blir særleg mykje brukt i tyskspråklege land, der det òg har variantar som Jürg og Jörg. På engelsk er namnet blitt til George.

På dansk og norsk finst Jørgen, sjå denne artikkelen for fleire variantar.

Kjende namneberarar Georg Philipp Telemann (1681 - 1767), tysk komponist Georg Friedrich Händel (1685 - 1759), tysk-britisk komponist Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770 - 1831), tysk filosof Georg Ohm (1789 - 1864), tysk fysikar Georg Ossian Sars (1837 - 1927), norsk havforskar Georg Brandes (1842 - 1927), dansk litteraturkritikar Georg Trakl (1887-1914), austerriksk forfattar Georg Johannesen (1931 - 2005), norsk forfattar Georg Apenes (f. 1940), norsk politikar, direktør i Datatilsynet

Kongar Fleire engelske kongar har heitt George i England; desse blir kalla Georg på norsk. Kong Georg I av Storbritannia Kong Georg II av Storbritannia Kong Georg III av Storbritannia Kong Georg IV av Storbritannia Kong Georg V av Storbritannia Kong Georg VI av Storbritannia

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av gresk opphav