University of Nebraska–Lincoln (ofte berre kalla Nebraska, UNL eller NU) er eit offentleg forskingsuniversitet som ligg i Lincoln i Nebraska i USA. Det er det eldste og største universitetet i delstaten og eit flaggskipuniversitet.

Universitetet vart grunnlagd i 1869 som eit land-grant-universitet, to år etter at Nebraska vart ein delstat i USA. Kring 1900 vart universitetet utvida kraftig. Nebraskametoden for økologiske studiar utvikla seg her på denne tida, noko som var eit pionerarbeid innan økologi i slettelandskap og la grunnlaget for forsking på teoretisk økologi for resten av 1900-talet. Universitetet er delt inn i åtte college, fordelt på to campusar i Lincoln med over 100 skulebygg og forskingsanlegg.

Idrettsprogrammet, kalla Cornhuskers, er medlem av Big Ten Conference. Nebraska sitt lag i amerikansk fotball har vunne i alt 46 ligatitlar og sidan 1970 vorte nasjonale meistrar fem gonger. Laget spelar på Memorial Stadium med ein kapasitet på kring 85 000 menneske, noko som er meir enn den tredje største byen i Nebraska, Bellevue.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of Nebraska–Lincoln» frå , den 13. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Universitet i Nebraska Kategori:Land-grant-universitet Kategori:Skipingar i 1869 Kategori:Lincoln i Nebraska