GNS Science (maori Te Pū Ao) er eit nasjonalt forskingsinstitutt på New Zealand. Det fokuserer på geologi, geofysikk (inkludert seismologi og vulkanologi), og kjernefysikk (særleg ionestråleteknologi, isotopvitskap og radiokarbondatering).

GNS Science vart kalla Institute of Geological and Nuclear Sciences frå 1992 til 2005. Det var opphavleg ein del av Department of Scientific and Industrial Research (DSIR), og vart oppretta som ein sjøvstendig organisasjon då Crown Research Institutes vart oppretta i 1992., Crown Research Institutes Act 1992. Som ein del av denne prosessen vart GNS Science delvis kommersialisert, og vert no drive som eit statseigd selskap i staden for eit statleg departement. Denne endringa førte til større sjølvstyre og større økonomisk fridom.

GNS Science held til i Avalon, Lower Hutt med anlegg i Dunedin og Wairakei.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «GNS Science» frå , den 13. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff GNS Science GeoNet Hazards Monitoring Network

Kategori:Forskingsinstitutt på New Zealand Kategori:Kjerneteknologi på New Zealand Kategori:Geovitskaplege institutt