Mount Bailey er eit fjell, 1445 moh, som ligg sør for Anthonybreen og 6 nautiske mil vest-sørvest for Lewis Point, på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Det vart kartlagd i 1936–37 av eit hundesledelag frå British Graham Land Expedition under John Riddoch Rymill og vart kartlagd på ny i 1947 av eit felles sledelag som bestod av folk frå Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), og Falklands Islands Dependencies Survey. Det vart namngjeve av Finn Rønne etter offiser Clay W. Bailey i U.S. Navy som var eit medlem på Byrd-ekspedisjonen, 1933–35, og gruppa ved West Base frå U.S. Antarctic Service, 1939–41, som assisterte med å finne ut kva krav ein måtte ha til radiosambandet under RARE.

Kjelder

Kategori:Fjell i Palmer Land