Briesemeister Peak er ein fjelltopp, 690 moh, som ligg 7 nautiske mil vest-nordvest for Cape Rymill på austkysten av Palmer Land. Denne toppen vart fotografert frå lufta av sir Hubert Wilkins den 20. desember 1928, og av U.S. Antarctic Service i 1940. Det vart namngjeve av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon under Finn Rønne, 1947–48, etter William A. Briesemeister (død 1967), som var sjefskartograf i American Geographical Society, 1913–63, og som fanne denne toppe på to bilete teken av Wilkins, noko som gjorde at ein kunne plassere Stefansson Strait nøyaktig på kartet.Geographical Review, July 1948, pp. 477, 484 Han oversåg førebuinga av kart for Antarktis som skulle nyttast under Det internasjonale geofysiske året (IGY) (1957–58) og prosjekt etter IGY under US Antarctic Research Program.
Kjelder
Kategori:Fjell i Palmer Land