Mount Charity er eit massivt fjell i Antarktis på 2680 moh. som ligg 9 nautiske mil sør for Mount Hope ved sørenden av Eternity Range nord i Palmer Land. Det vart oppdaga frå lufta og vart namngjeve av Lincoln Ellsworth i løpet av flyturane hans 21. og 23. november 1935. Det vart kartlagt av John Riddoch Rymill frå British Graham Land Expedition i november 1936. Fjellet vart så fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i september 1940, og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i desember 1947. Fjellet er eit av tre store fjell i Eternity Range som Ellsworth namngav etter dydane Faith (tru), Hope (håp) og Charity (kjærleik).

Kjelder

Kategori:Fjell i Palmer Land