Mount Sullivan er eit fjell, 2070 moh, som står 12 nautiske mil (22 km) aust for norddelen av Eternity Range i Palmer Land. Fjellet ligg i området utforska frå lufta av sir Hubert Wilkins i 1928 og Lincoln Ellsworth i 1935, men vart først kartlagd av British Graham Land Expedition (BGLE) i 1936-37. Det vart fotografert frå lufta i 1940 av U.S. Antarctic Service (USAS) og i 1947 av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne. Det vart namngjeve av Rønne etter oberst H.R. Sullivan frå Office of Research and Development som då var i US Army Air Force (USAAF), og som utrusta ekspedisjonen.
Kjelder
Kategori:Fjell i Palmer Land