Kenguruar er ein pattedyrfamilie som høyrer til pungdyra. Han omfattar mellom anna raud og grå kjempekenguru og wallaby.

Ordet «kenguru» kjem frå engelsk kangaroo som er avleidd frå gangurru på aboriginarspråket guugu yimithirr. Dette ordet viste til den grå kjempekenguruen. Namnet blei først skrive ned som kanguru den 12. juli 1770 i dagboka til naturforskaren Joseph Banks. Han var då ved breidda til Endeavour-elva, i området der byen Cooktown ligg i dag men der guugu yimithirr-folk budde då. Skipet HMS «Endeavour» leia av løytnant James Cook var på land der i fleire veker for å reparara skader det hadde fått på Great Barrier Reef.Bruce Moore, The Vocabulary of Australian English, Australian National Dictionary Centre, Australian National University Cook nemnde kenguruar for første gong i eit dagboksnotat frå 4. august.

Like etter at kenguruungen har blitt født, kryp han opp i pungen til mor si, klamre seg fast til ein kjertel og slepp ikkje før etter om lag ni månader. Då kryp han ut og kan ta sine første skritt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kangaroo» frå , den 3. november 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kengurufamilien Kategori:Ord og uttrykk frå australske språk