Julia Eileen Gillard () er ein australsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i Australia frå 2010 til 2013. Ho var Australias første kvinnelege statsminister og den første utanlandsfødde statsministeren sidan Billy Hughes.
Bakgrunn Gillard er dotter av ein walisisk kolgruvearbeidar, og har Aneurin Bevan som eit politiske førebilete.«Focus and ambition drive Gillard's success» Farm Weekly 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010
Familien emigrerte til Australia i 1966 for å la Julia vekse i eit varmare klima på grunn av at ho hadde astma.«Julia Gillard Interview Transcript» Australian Story 6. mars 2006. Besøkt 24. juni 2010 Dei busette seg i Adelaide. I 1978 vart Gillard uteksaminert frå Unley High School. Deretter studerte ho ved University of Adelaide før ho byrja studere kunst og juss ved University of Melbourne. Ho vart uteksaminert i 1986.
I 1987 byrja Gillard i advokatfirmaet Slater & Gordon i Werribee i Victoria, der ho arbeida innanfor arbeidsrett.<ref name= "Book review of Gillard Biography"></ref> I 1990, då ho var 29 år, vart ho partnar i advokatfirmaet.
Politisk virke Gillard vart første gong vald inn i det australske parlamentet frå ein krets i Melbourne i 1998 og seinare gjenvald i 2001, 2004 og 2007.CV hos det australske parlamentet . Besøkt 24. juni 2010
I 2006 vart Julia Gillard vald til nestleiar for Australian Labor Party og 24. juni 2010 vart ho leiar, etter at statsminister Kevin Rudd trekte seg som følgje av leiarstriden i partiet.«Julia Gillard er Australias første kvinnelige statsminister», Aftenposten 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010
Ho vant valet i Australia 2010 og vart statsminister. 26. juni 2013 tapte ho leiarvalet i partiet mot Kevin Rudd. Ho leverte deretter ein avskjedssøknad som statsminister, og Kevin Rudd overtok stillinga 27. juni 2013.
Referansar
Kategori:Folk frå South Glamorgan Kategori:Folk frå Adelaide Kategori:Australske statsministrar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar