Robin James Olof Stjernberg () er ein svensk songar.
Melodifestivalen 2013 I 2012 sendte Stjernberg inn songen «You» til Sveriges Television (SVT). Songen, som er skriven av Linnea Deb, Joy Deb, Joakim Harestad Haukaas og Stjernberg sjølv, vart vald ut av SVT til å delta i Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Haukaas har tidlegare vunne Melodi Grand Prix Junior 2003 som ein del av duoen 2U og representerte Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2003 der dei enda på 13. plass.
Semifinale 4 Songen starta som nummer tre, etter «Must Be Love» av Lucia Piñera og før «Trivialitet» av Sylvia Vrethammar. Bidraget enda på tredjeplass og gjekk vidare til andresjansen.
Andresjansen Songen starta som nummer éin, før «Vi kommer aldrig att förlora» av Eric Gadd. Bidraget var mellom dei fire beste og enda opp i ein duell med «In and Out of Love» av Martin Rolinski. «You» fekk flest røystar og enda til slutt opp på andreplass. Bidraget gjekk vidare til finalen saman med «Begging» av Anton Ewald som vann andresjansen.
Finalen Songen starta som nummer ni, etter «Copacabanana» av Sean Banan og før «Tell the World I'm Here» av Ulrik Munther. Bidraget fekk til saman 166 poeng og vann av totalt 10 bidrag. Det var fyrste gong eit bidrag som hadde delteke i andresjansen vann Melodifestivalen. «You» vil vere det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.
Eurovision Song Contest 2013 Sidan Sverige er vertsland for Eurovision Song Contest 2013 var landet direktekvalifisert til finalen.
Diskografi Album 2012: My Versions
Singlar 2011: All This Way 2012: Halo 2012: On My Mind 2012: Scars 2013: You
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Hässleholm Kategori:Svenske songarar Kategori:Svenske Idol-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2013-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2013-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen-vinnarar Kategori:Melodifestivalen-vinnarlåtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-låtskrivarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Marcel Bezençon Awards-vinnarar