Helen Oddveig Bjørnøy () er ein norsk prest, SV-politikar og fylkesmann i Buskerud frå 2013.
Bjørnøy har Examen artium frå Ålesund gymnas (1973), cand.theol. frå Menighetsfakultetet (1980) og vart ordinert som prest i Den norske kyrkja i 1981. Ho var kapellan ved Tromsø domkirke (1985–1987) og prest ved Tangen kyrkje i Drammen) (1987–1991). Ho var høgskulelektor ved Lovisenberg diakonale høgskule (1991–1999) og generalsekretær for Kirkens Bymisjon i Oslo (1999–2005). Ho var i 2004 kandidat til stillinga som biskop i Oslo bispedøme. Ho var nestleiar for Nei til EU i 1994, og har vore medlem av Pressens faglige utvalg. Frå 1. juni 2008 var ho generalsekretær for Plan Norge.
Ho er gift med presten Torstein Lalim, har fire ungar og er busett i Drammen.
Miljøvernminister I 2005 vart Bjørnøy utnemnd til miljøvernminister for SV i Regjeringa Stoltenberg II, ei stilling ho hadde fram til oktober 2007, då ho vart etterfølgd av Erik Solheim. Som miljøvernminister fekk ho kritikk frå mange.
Bibliografi Konfirmasjonstiden, Aschehoug (1994), to medforfattarar Lederveiledning til konfirmasjonsboken "Ærlig talt", Aschehoug (1994) Sosialfag, service og etikk, Universitetsforlaget (1995). Lærebok til bruk i videregående skole «Yrkesetikk og seksuelle overgrep», i Yrkesetikk for prester (red.: Egil Morland), i serien Presteforeningens studiebibliotek, nr. 42 «Til en aktet redaktørstand», i boka Status redaktør. Norsk redaktørforening (1996) «Den norske kirkes menneskerettighetsengasjement», i utgreiinga Religion, livssyn og menneskerettigheter, Universitetsforlaget (1997)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:SV-statsrådar Kategori:Fylkesmenn i Buskerud Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kongsberg