mini|210px|Norris Hall Virginia Polytechnic Institute and State University, betre kjent som Virginia Tech, er eit vitskapleg universitet i Blacksburg i den amerikanske delstaten Virginia.

Universitetet vart grunnlagt 1872 og er eit Land-grant-universitet, som resultat av Morrill Land-Grant Colleges Act. Frå starten var lærestaden òg eit av dei etter kvart seks såkalla Senior Military Colleges, og i dag tek kadettar militært reserveoffiserskurs ved Texas A&M, kombinert med sivil høgskuleutdanning. Den militære kombinasjonen var obligatorisk ved lærestaden fram til 1924, og frå 1964 vart den heilt frivillig.

Universitetet har (per 2007) 28 470 studentar og 1 304 vitskapleg tilsette. Campusen er på 10,52 km². I haustsemesteret 2006 var skulepengane på årsbasis US$ 6 973 for studentar folkeregistrert i delstaten Virginia.

Studietilbod Virginia Tech tilbyr 60 bachelorgrader og 140 mastergrader og doktorgrader gjennom sju fakultet: College of Agriculture & Life Sciences College of Architecture & Urban Studies College of Liberal Arts and Human Sciences Pamplin College of Business College of Engineering, College of Natural Resources College of Science.

Campus Universitetet sitt hovudcampus er på 10,52 km² og ligg i Blacksburg. I tillegg er det campusar i i Hampton Roads (Virginia Beach), National Capital Region (Falls Church – Alexandria, Virginia), Richmond, Roanoke, og dessutan Southwest Virginia Higher Education Center i Abingdon.

På Blacksburg-campusen er dei fleste bygningane bygd med såkalla Hokie Stone, ei blanding av kalkstein, gjerne med dolomitt.

Virginia Tech har òg eit av dei høgast rangerte bespisningstilboda i landet; det er for tida rangert som nr 2 av Princeton Review.

Skyteepisode 16. april 2007

Den 16. april 2007 vart skulen åstad for ein skyteepisode der studenten Cho Seung-hui skaut og drap minst 32 menneske før han tok sitt eige liv. I tillegg vart mange skadd, enkelte livstruande. Skytetragedien starta i sjutida lokal tid på eit internat, der to elevar vart skotne og drepen. To timer seinare gjekk våpenmannen inn i Norris Hall på motsett side av campus der ytterlegare 30 personar vart drepne før gjerningsmannen tok sitt eige liv.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Virginia Tech» frå , den 26. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Universitet i Virginia Kategori:Skipingar i 1872 Kategori:1872 i USA