Mount Keohane er eit fjell like nordvest for Lake Fryxell, med ei høgd opp mot 1250 m mellom Canadabreen og Huey Gully på nordsida av Taylor Valley i Victoria Land. Det vart namngjeve i 1997 av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kvartermeister Patrick Keohane i Royal Navy som deltok på Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13. Keohane deltok i støttegruppa til Robert F. Scott og nådde Upperbreen Depot ved Beardmorebreen (85°07'S, 163°04'E) før han vendte attende til hovudbasen ved Cape Evans.

Kjelder

Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys