Jonas Collett ()Jonas Collett frå Norsk biografisk leksikon var ein norsk embetsmann og statsråd, og ein av dei som sette eit sterkt preg på statsforvaltninga i Noreg i si samtid.Jonas Collett frå Regjeringa.no
Bakgrunn og familie mini|venstre|Grava til Jonas Collett på Vår Frelsers gravlund i Oslo Collett var son av kammerråd Johan Collett (1734–1806) og Else Elisabeth Ramus Jensen (1746–88), bror av Peter Collett (1767–1823) og eidsvollsmannen Johan Collett. Faren var eigar av godset Rønnebæksholm på Sjælland, men solgte det i 1777 og familien flytta til København. Collett studerte ved Københavns Universitet og vart cand.jur. i 1793.
Karriere I 1795 vart han utnemnd til fut i Numedal og Sandsvær og kom til Kongsberg året etter. Han vart konstituert amtmann i Buskeruds amt i 1813-14. I 1814 deltok han på stormannsmøtet på Eidsvoll den 16. februar. Saman med Niels Aall leia han forhandlingane med den svenske generalen Magnus Björnstjerna som resulterte i Mossekonvensjonen.Jonas Collett frå Eidsvoll 1814
Frå 1814 og framover hadde han ei rad sentrale roller i den norske forvaltninga og regjeringa og han vart formann for regjeringa - førstestatsråd - i 1822.
Dekorasjonar Collett vart tildelt Dannebrogordenen i 1809. I 1815 fekk han Nordstjerneordenen og vart kommandør av denne ordenen i samband med kroninga av Karl III Johan i 1818. I 1825 vart han utnemnd til Serafimerridder.Jonas Collett frå Dansk biografisk leksikon
Referansar
__NOTOC__ Kategori:Norske statsministrar Kategori:Norske finansministrar Kategori:Medlemmar av Statsrådavdelinga i Stockholm Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Buskerud Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Serafimerordenen Kategori:Stormannsmøtet på Eidsvoll Kategori:Elevar ved Københavns Universitet Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Næstved