Twickler Cone er eit kjegleforma fjell i Asgard Range i Victoria Land, med ei høgd opp mot 1950 moh på ryggen mellom den øvre delen av Bartleybreen og Newallbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1997 etter Mark S. Twickler, ein spesialist i å hente ut, analysere og tolke iskjerneprøvar. Han var mange sesongar i i Antarktis og Sør-Grønland, 1984–95. Han var administrerande direktør i National Ice Core Laboratory-Science Management Office frå 1997. Han var medlem av feltlaget frå University of New Hampshire, 1988–89, og deltok i den glasiokjemiske undersøkinga av to isprøvekjernar på ei djupne på 150 og 175 meter i nærleiken av dette fjellet.

Kjelder

Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys