Andrine er eit kvinnenamn, danna av Andreas, som tyder 'mann', og den kvinnelege namneendinga -ine. Namnedagen blir feira 3. juli i Noreg.
Namnet er mellom anna kjend i Danmark og Noreg. Det var mykje brukt på 1600- og 1700-talet, særleg på Austlandet, Nord-Noreg og i Møre og Romsdal, men gjekk nesten ut av bruk i løpet av 1900-talet.«Historisk utvikling: Andrine (graf)», ssb.no Bruken tok seg med eitt kraftig opp mot slutten av hundreåret, før han minka igjen rundt byrjinga av 2000-talet. 1. januar 2004 var det 978 kvinner som hadde Andrine som første fornamn i Noreg. I 2015 var talet stige til 1 596. I Danmark er namnet derimot særs sjeldan, med 6 namneberarar i 2015.«Hvor mange hedder...», Danmarks Statistik, dst.dk
Namneberarar Andrine Sæther (f. 1964), norsk skodespelar Andrine Flemmen (f. 1974), norsk alpinist Andrine Hegerberg (f. 1993), norsk fotballspelar
Annan bruk Andrine og Kjell er roman av Gisken Wildenvey frå 1934 Andrine og Kjell er ein film frå 1952.
Liknande namn Andrea Andreana Andrette Andri, Andria, Andriana Andrielle Andrienne Andrietta
Kjelder
«Andrea», thinkbabynames.com
Delar av denne artikkelen bygger på «Andrine» frå , den 18. juli 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Norske førenamn Kategori:Førenamn av gresk opphav