«Hanna från Arlöv» er ein proggsong frå 1974 av den svenske gruppa Nationalteatern frå albumet Livet är en fest, skriven av Ulf Dageby og sungen av Maria Grahn.

Songen handlar om ei ung jente som har sommarjobb på eit vaskeri, og som er songen si forteljarstemme. På vaskeriet treffer ho «Hanna från Arlöv», ein kollega som vert skildra som ei «kärring», «tant på femti år» og «kommunist». Hanna, som mellom anna er opprørd over vaskerisjefens «profit», organiserer i songen ein ulovleg streik i protest mot at dei ikkje har noko vifte på vaskeriet sjølv om det er svært heitt («fyrtio grader varmt») der. Streiken fører til at vaskeriet får ei vifte, om enn ei lita og ynkeleg ei, men protesten i seg sjølv imponerer den unge jenta som fortel at «jag lärde mej att fajtas».

Songen har fleire gonger vorte brukt som symbol i svensk politisk retorikk. Den norske gruppa Amtmandens døtre spelte inn ein norskspråkleg versjon av songen med tittelen «Anna fra Kløfta» i 1975.Discogs: Amtmandens Døtre ‎– Reis Kjerringa!

Bakgrunn Songteksten var inspirert av eit intervju med den då 51-årige vaskeriarbeidaren Hanna i KFML(r)-avisa Proletären i byrjinga av valkampen føre Riksdagsvalet i 1973, der ho blant anna klaga over at det var uuthaldeleg heitt på vaskeriet ho arbeidde på i Arlöv utanfor Malmö.

I 1996 fann avisa Sydsvenskan fram til røyndas Hanna, som heitte Hanna Löv, og intervjua henne. I intervjuet kom det fram at Hanna var svært stolt over å ha vore inspirasjonskjelde til songen, men at det var ikkje var så mykje av det i songen som stemde overeins med hennar liv. Hanna Löv gjekk bort i 2005.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hanna från Arlöv» frå , den 5. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Svenske songar Kategori:Progressive rockesongar