mini|upright|Sterkøl av Guinness. Guinness er ein tørr stout (overgjæra, sterkt øl) som har opphavet sitt i St. James's Gate Brewery i Dublin i Irland, som var bryggeriet til Arthur Guinness. Ølet er basert på det mørke ølet som vart utvikla i London tidleg på 1700-talet. Guinness er eit av dei mest vellukka ølmerka i verda og blir eksportert internasjonalt. Det har òg kome mange etterlikningar. Særmerket og smaken til ølet er baser på nybrend bygg som held seg ugjæra. I mange år vart ein del av ølet aldra for å gje ein skarp laktosesmak, men Guinness vil ikkje gje svar om denne prosessen framleis skjer. Den tjukke kremaktige toppen er eit resultat av ei nitrogenblanding som blir laga til under tappeprosessen.
Guinness er tilgjengeleg over heile verda og ølmerket er framleis tett assosiert med Irland, trass i at hovudkontoret har vore i London i England sidan 1932, og blei sidan vidareutvikla til multinasjonalt alkoholkonglomerat og omdøypt til Diageo.mini|venstre|Guiness-bryggeriet i Dublin Kjelder
Dege, Hroar: Beretninger om øl fra næring til nytelse. Kildeforlaget 1999. ISBN 82-7627-019-0 Denne artikkelen bygger på «Guinness» frå , den 9. april 2013.
Bakgrunnsstoff Offisiell side Guinness på Beeripedia
Kategori:Irsk øl Kategori:Bryggjeri Kategori:1759 i Irland Kategori:Skipingar i 1759 Kategori:Irsk historie