Samuel Abraham Goudsmit () var ein nederlandsk-amerikansk fysikar. I 1925 oppdaga Goudsmit saman med studiekameraten sin George Uhlenbeck, at tilhøva i atomspektera som ein til då ikkje hadde kunna forklare ut frå Bohr-modellen, fekk forklaringa si om ein tenkte seg at elektrodane hadde eit spinn eller ein eigenrotasjon. Oppdaginga har vore særs viktig for forståinga av strukturen til atoma og atomkjernane.
Han tok doktorgraden i Leiden i 1927 og arbeidde frå den tid og fram til 1941 ved University of Michigan. Under andre verdskrigen arbeidde han med utviklinga av radar og vart i 1944 leier for ein hemmeleg undersøkingskommisjonen som skulle etterforske arbeida til tyskarane med utviklinga av kjernevåpen.
Goudsmit arbeidde etter krigen og fram til 1970 som professor ved Brookhaven National Laboratory.
Kjelder
Kategori:Folk frå Haag Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nederlandsk-amerikanarar Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Nederlandske jødar Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:National Medal of Science