1671 (romartal MDCLXXI) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet April – Slaget ved Saraighat: Ahom-generalen Lachit Borphukan sigra over mogulstyrkane utanfor dagens Guwahati i Assam. 2. april: Pave Klemens X heilaggjorde Rose av Lima, som dermed blei den første katolske helgenen frå Amerika. 9 mai: Thomas Blood, forkledd som ein geisleg, prøvde å stela dei britiske kronjuvelane frå Tower of London. 22. juni: Det osmanske riket erklærte krig mot Polen.
Noreg Det blei oppretta ein lensadel i landet, med titlane greve og baron. Grevskapet Laurvigen (Larvik) blei oppretta. Larvik fekk kjøpstadrettar.
Fødde mini|upright|Kong Fredrik IV av Danmark-Noreg vart fødd 11. oktober 1671.
8. juni: Tomaso Albinoni, italiensk toneskapar 9. juli: Margareta von Ascheberg, svensk grevinne, godseigar og regimentleiar 11. oktober: Kong Fredrik IV av Danmark-Noreg
Døde
31. mars: Anne Hyde, engelsk prinsesse 8. mai: Sébastien Bourdon, fransk barokkmålar 25. juni: Giovanni Battista Riccioli, italiensk astronom
Kjelder