Zograf Peak (Vrah Zograf) er eit fjell med ei høgd på 1011 moh på Friesland Ridge i Tangra Mountains på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Fjellet er dekt av isbrear med store bresprekkar og er stupbratt og delvis isfri på nordsida. Fjellet ligg oppom Huronbreen i nord og Shipka Valley i aust, og er mogeleg å nå via eit skard på 905 moh frå Lyaskovets Peak. Fjellet er i nordaust knytt til Lozen Saddle og Lozen Nunatak, Erma Knoll og Aheloy Nunatak. mini|venstre|Zograf Peak frå Camp Academia-området med Levski Peak til venstre og Lyaskovets Peak til høgre.
Fjellet er kalla opp etter det bulgarske Zograf kloster på fjellet Athos.
Fjellet vart først klartra av Ljubomir Ivanov frå Camp Academia den 31 desember 2004.
Fjellet ligg 1,33 km nordvest for Lyaskovets Peak, 4,26 km sør for Pliska Peak, 1,88 km sør-søraust for Kuzman Knoll, 3,9 km vest for Maritsa Peak og 1,5 km vest for Komini Peak. Dei nordvestlege forberga av Zograf Peak vert kalla Camp Academia. Denne staden ligg 11 km frå St. Kliment Ohridski-basen og 12,5 km frå Juan Carlos I base.
Kjelder Zograf Peak. SCAR Composite Gazetteer of Antarctica. L.L. Ivanov, Livingston Island: Tangra Mountains, Komini Peak, west slope new rock route; Lyaskovets Peak, first ascent; Zograf Peak, first ascent; Vidin Heights, Melnik Peak, Melnik Ridge, first ascent, The American Alpine Journal , 2005, 312-315.
Kategori:Tangra Mountains Kategori:Fjell på Livingston Island Kategori:Bulgaria og Antarktis