Brookitt er ein ortorombisk krystall som er eit mineral av titandioksid. Den er ein fire naturleg forekommande polymorfismar (mineral med same samansetting, men med ulik struktur) av titandioksid, TiO2, som er godkjent av International Mineralogical Association (IMA). Dei andre er akaogiitt (monoklinisk), anatas (tetragonal) og rutil (tetragonal). Brookitt er sjeldan samanlikna med anatas og rutil. Dei er alle fotokatalytisk aktive. Brookitt har eit større cellevolum enn både anatas og rutil, med 8 TiO2 grupper per einingscelle, samanlikna med 4 for anatas og 2 for rutil.Anatase and Brookite . Wikis.lib.ncsu.edu (2007-05-08). Henta 2011-10-14. Jern (Fe) tantal (Ta) og niob (Nb) er vanlege ureiningar.

Brookitt vart namngitt i 1825 etter Henry James Brooke (1771–1857), ein engelsk krystallograf, mineralog og ullhandlar.

Arkansitt er ein variant av brookitt frå Arkansas i USA, som òg er funne i Murunskii-massivet i den austlege delen av Sibir i Russland, der det for øvrig er funne mange andre uvanlege mineral.

Ved temperaturar over om lag 750 °C, vil brookitt gå over til rutilstruktur.Brookite (Titanium Oxide). Galleries.com. Retrieved on 2011-10-14.

Einingscelle Brookitt høyrer til det ortorombiske dipyramidale krystallklasse 2/m 2/m 2/m (òg skrive mmm). Romgruppa er Pcab og einingscelleparametrane er a = 5.4558 Å, b = 9.1819 Å og c = 5.1429 Å. Den kjemiske formelen er TiO2, med 8 formeleiningar per einingscelle (Z = 8).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brookite» frå , den 2. mai 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Brookit-struktur Krystall-strukturar av rutil, anatas og brookitt JMol

Kategori:Titanmineral Kategori:Oksydmineral Kategori:Ortorombiske mineral