mini|Prinsesse Madeleine og Chris O'Neill Bryllaupet mellom prinsesse Madeleine og Chris O'Neill fann stad 8. juni 2013 i Slottskyrkan i Stockholm i Sverige. Lars-Göran Lönnermark og Michael Bjerkhagen vigsla paret. Fyrste gången prinsesse Madeleine av Sverige og Chris O'Neill vart sett offentleg saman var i januar 2011. Paret vart trulova i oktober 2012.
Titlar Etter bryllaupet halder Madeleine fast på sine titlar, Prinsesse av Sverige, Hertuginne av Hälsingland og Hertuginne av Gästrikland, medan Christopher O'Neill, kjend som Chris O'Neill, vert omtala som Herr Christopher O'Neill. O'Neill fekk ikkje nokre kongelege titlar av di han ikkje ville gje slepp på sitt britiske og amerikanske statsborgarskap, og av di han ynskte å fortsette med forretningsverksamd, noko som ikkje gjorde han kvalifisert til kongelege titlar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bröllopet mellan prinsessan Madeleine och Christopher O’Neill» frå , den 6. juni 2013.
Fotnotar
Kategori:Svenske kongelege Kategori:2013 i Sverige Kategori:Kongelege bryllaup