Abdullah Gül () var president i Tyrkia frå 2007 til 2014. Han høyrer til partiet AKP.

Gül har utdanning i økonomi frå Universitetet i Istanbul, med doktorgrad derfrå i 1983. Han arbeidde som økonom ved den islamske utviklingsbanken i Jidda frå 1983 til 1991.

Etter at AKP vann valet i 2002 var Gül var statsminister frå november 2002 til mars 2003. Partileiaren Recep Tayyip Erdogan kunne ikkje verte statsminister fordi han var tidlegare straffedømd for religiøs verksemd. Då denne delen av grunnlova vart fjerna i 2003 trekte Gül seg som statsminister for at Erdogan skulle kunne ta over. Gül vart vise-statsminister og utanriksminister i 2003 i Erdogans nye regjering. Som utanriksminister var Gül aktivt med i forhandlingane med EU om eit tyrkisk EU-medlemskap, noko han sjølv er tilhengjar av.

I april 2007 utnemnde regjeringa Erdogan Gül til sin kandidat for presidentposten, til harde protestar frå opposisjonen. Protestane kom i stor grad av Gül si fortid som islamist. Gül vart vald til president 28. august 2007. 28. august 2014 tok Recep Tayyip Erdogan over embetet.

Personleg liv Abdullah Gül vart fødd i Kayseri 29. oktober 1950 som son til Adeviye Gül og Ahmet Hamdi Gül.

I 1980 gifta Abdullah Gül seg med den då 15 år gamle kusina si, Hayrünnisa Özyurt (fødd 1965). Paret har tre barn; to søner kalla Mehmet Emre og Ahmet Münir og ei dotter kalla Kübra. Gül er er fan av fotballklubben Beşiktaş J.K..

Kjelder

Kategori:Tyrkiske politikarar